Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagskolen i Kristiansund > Nyheter > Informasjon om heimeundervisning på enkelte dagar i juni

Informasjon om heimeundervisning på enkelte dagar i juni

Dette fordi kommunen treng areal til vaksinering i Braatthallen.

Skulen er kontakta av kommunelege Askill Sandvik.

Kommunen får i juni langt fleire vaksiner enn først antatt. Dei planlegg å sette 1500 vaksiner kvar dag - den 3., 10. og 17. juni. Kommunen har difor behov for tilgang til Braatthallen frå kl. 12.00 desse dagane.

Det blir dermed heimeundervisning for elevar, fagskulestudentar og dei som deltek på kurs i regi av Ressurssenteret i Kristiansund. Eksamen og øvrig kan gjennomførast som planlagt. 

Nærare informasjon blir gitt om kva for klassar og elevar som skal vere på skuleområdet, og kven som skal ha heimeundervisning dei aktuelle dagane.