Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagskolen i Kristiansund > Nyheter > Korona og tilleggslån for elevar og studentar

Korona og tilleggslån for elevar og studentar

Informasjon frå Lånekassen om tilleggslån i samband med korona:

Studentar og elevar som har hatt nedgang i inntekta på grunn av koronasituasjonen i heile eller deler av perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020 kan ha rett til eit tilleggslån.

Tilleggslånet er berre eit tilbod for studentar og elevar som har hatt rett til å få lån eller stipend etter 1. mars 2020.

Her finn de meir informasjon om tilleggslån korona

Tilleggslån korona for studentar
Dei som søker lån og stipend etter forskrifta sin del 3 kan få eit tilleggslån på 26 000 kroner.

Dette gjeld for eksempel:

  • Universitets- og høgskolestudentar
  • Fagskolestudentar
  • Elevar i vidaregåande skole utan ungdomsrett
  • Elevar ved folkehøgskole

Både fulltids- og deltidsstudentar kan søke om tilleggslånet.

Tilleggslån korona for elevar
Enkelte elevar i vidaregåande opplæring kan få eit tilleggslån på 13 000 kroner. Dette gjeld elevar som er 18 år eller eldre, og som allereie får lån.

Både studentar og elevar som kan dokumentere at dei har mista inntekt på grunn av koronasituasjonen kan på eit seinare tidspunkt få 8 000 kroner av tilleggslånet som stipend.

Søknadsfristen for å søke om tilleggslånet er 15. juni 2020.

Nedetid i Lånekassen sine system
Lånekassen skal oppgradere systema sine. Dette fører til at arbeidsflata for lærestadene ikkje vil vere tilgjengeleg frå 20. mai klokka 15.00 til og med 24. mai.

Med vennleg helsing

Lånekassen