Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagskolen i Kristiansund > Nyheter > Høyring - Utkast til nytt studentreglement for Fagskolen i Møre og Romsdal

Høyring - Utkast til nytt studentreglement for Fagskolen i Møre og Romsdal

Nytt studentreglement for Fagskolen i Møre og Romsdal er no lagt ut til høyring. Høyringsfristen er 8. mai 2020

Fagskolen i Kristiansund er ein av to lokasjonar i Fagskolen Møre og Romsdal.

Føremålet med studentreglementet er å informere om rettar og plikter for studentar ved fagskolen. Reglementet skal  bidra til eit godt samarbeid mellom leiinga ved skolen og studentane, der partane saman kan vere med å utvikle det faglege miljøet ved Fagskolen i Møre og Romsdal.

Kompetanse- og næringsavdelinga har utarbeidd  eit forslag til reglement basert på innspel frå NOKUT og nytt regelverk.  Det er ei viktig rettesnor  at reglementet ikkje skal innehalde det same som det som står i den lokale forskrifta om opptak ,eksamen og sensur og det som følgjer direkte av studieplanane.

Høyringsfristen er 8. mai 2020.

Du kjem inn på høyringsnotatet ved å trykke på lenka

Fleire styringsdokument vil bli oppdatert

På bakgrunn av ny lov om høgare yrkesfagleg utdanning av 08.06.2018 meg forskrifter og NOKUT sitt tilsyn med fagskolen i Ålesund er det gjennomført ein revisjon av viktige styringsdokument for Fagskolen i Møre og Romsdal. Fagskolestyret har i møte 13.02.2020 vedteke ny forskrift om opptak, eksamen og sensur for Fagskolen i Møre og Romsdal. Fagskolestyret har også i same møte fatta vedtak om å tilrå nye vedtekter for fagskolestyret. Denne saka skal behandlast i fylkestinget 20.04.2020. Nytt studentreglement skal leggjast fram for fagskolestyret i møte den 28. mai 2020.